Dei Homoerotiske sidene 2007
Statuttar

Statuttane for Ytre Sandviken Homo Erotiske Polo Forening er ennu ikkje offisielt vedteke, men er derimot velsigna ved akklamasjon på ein harsadiøs busstur frå Trondheim til Bergen hausten 1997. Tidspunktet var like efter at man hadde sett filmen Pretty Woman på bussens video-anlegg. Det hadde lenge

Turbostipend er backingband for Kate Augestad
Turbostipend på Nye Ugla; Iver korer attmed Kate Augestad under framsyning av Wenche Myhre-schlägeren 'Jeg vil være ung' frå 50-talet. Den vakte åtgaum og hug i forsamlinga. I bakgrunnen, ein uvanlig velkledd gitarist Noralf Vennaas.
Foto: Marianne Aagedal/Medievitskap

versert rytke og planar om ein slik forening, men det var først etter vitjing i Trondheim at ein såg den sosiale og politiske viktigheten av å tinge menneskje med slik bakrgunn i felles forsamling.

Me fekk hjelp av sakkyndige i Musikselskapet Larmonien då me utarbeida statuttane. (takk til dei som veit det)

1.1. Foreningens navn og formaal

Foreningens namn er Ytre Sandviken Homo Erotiske Polo Forening. Den haver som formaal at fremme homoerotiske kvaliteter som ligger latent i befolkningen.

1.2. Foreningens medlemmer

Foreningens medlemmer er til ein kvar tid identisk med besetninga til det røynde snuppebedårebandet Turbostipend. Utover dette kan andre medlemmar takast inn på s.k. 'samkvems'-basis. Nye fjes velges inn ved minst 75% samtykke av dei eksisetrande medlemmar.

Homoerotisk stemning på bakrommet efter ein konsert på USF i '97
Homoerotisk stemning på bakrommet efter ein konsert på USF i '97. Det gjeld å skifte raskt mellom første og andre sett. Jølle (t.v.) heng med i svingaenmedan Peavy og Tossa er like bak.
Foto: Peter Clayson

1.3. Foreningens organisering

Foreningen skal organiserast lik eit diktatur, med ein President, ein General og ein Innenriksminister. Dei øvrige ministerpostane kan tilskipast efter behov. Makta ligg sjølvsagt ikkje hjå korkje presidenten eller daglig leiar, men manifest i heile ensamblet. Derimot er diktaturisk maktutøvelse eit must for einkvar medlem av styret.

2.1. Foreningens virksomheit

A. Polo-foreninga skal arbeide for å realisere formaalsparagrafen slik den er nedfelt i desse statuttene. Ved å aktivt fremme homo-erotisk kultur, ved å spre kunnskap og informasjon, og ved aktiv deltaking der kor homoerotikk finner stad.
Vokalist Peavy med transvestittinspirert husmor-antrekk
Vokalist Peavy med dusjhette og transvestittinspirert husmor-antrekk under ein konsert på Garage for Sosiologi september 1997.
Foto: Sosiologisk Fagtidsskrift

B. Foreninga skal freiste å kjempe mot desinformasjon, vrangforestillingar og hets ved å oppmode til sjølvkritikk, bot og generell moralsk betring.

C. Medlemmar forpliktar seg til å fremje homoerotisk kultur under alle sosiale høve og tilstelningar, gjerne der kor alkohol og andre kunstige stimuli nytes.

D. Dersom mogleg bør foreninga skipa til visningar av gamle tyske pornofilmar i t.d. barne- og ungdomsskular. Her kan ein tidleg krøke den oppvaksande slekt.

3.1. Foreningens Generalforsamling

Den sitjande Presidenten er plikta til å kalla inn alle aktive medlemmar til Generalforsamling minst ein gong kvart år, ellers ved spesielle høve. På generalforsamling skal organisasjonsstrukturen takast opp til vurdering og evt. endrast. Dersom 2/3 av medlemmane krev det, skal det verta avvikla nyval til Presidentembetet. Ellers blir dei øvrige ministerpostane endra eller bytta efter behov. Innenriksministeren pliktar å reise opp Pæreritualet, som er ein hyllest til alt som er pære. Dette ritualet er kjenneteikna ved avdrikking av sterke edle draaper (minimum 37%) frå den hellige Paereflaska. Vidare skal Presidenten på oppfrodring frå medlemmane skjenke frå den sagnomsuste Polo-flaska. Dette til evig minne om dei mange falne homoerotikarane opp gejnnom århundra.
Den nye presidenten i YSHEPF hausten 1997
YSHEPF's nyoppnemde president hevar flaska i ein symbolsk homoerotisk gest til dei tilstedevarande gjestene og deira vener. Anledninga er tilskiping av det nye foreningsnamnet.
Foto: Peter Clayson

3.2. Foreningens Lagnad

Ytre Sandviken Homo Erotiske Polo Forening skal haldast ved hevd så lengje det finst duglege individar til å fremje konseptets sanne natur. Foreninga kan berre legjast ned eller avviklast dersom det er 90% samtykke hjå dei aktive medlemma. Alle foreningens eigedelar tilfell i så høve den sittande Presidenten, og han pliktar å opprette eit fond på dei restrerande midlane slik at andre sanne homoerotikarar kan freiste å starte oppatt foreningen.

 

Desse statuttane skal respekterast og avholdast. Ein gong i året skal dei dessutan takast ned for reingjoering, fortrinnsvis i samband med jolereingjoeringa. Dei er konfidensielle, og kan ikkje fritt distribuerast eller paa anna maate offentleggjerast for allmenheita. Overtramp vil medføre homoerotisk straffeansvar og påfyljande massivt krav om kraftig sjølvkritikk. YSHEPF er ansvarleg for statuttane, og plikta til å fylje dei.

For den store Paere: Bergen 03.11.1997

| Konstituering | Kva er YSHEPF? |


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.