Dei Homoerotiske sidane 2007

Semesterrapport for 2009, 2010 og 2011

Ein semesterberetning om rocken, villskapen og overdrive.

Juss fadderfest 2011

Juss fadderfest 16. august 2011: bånn gass og et helsikes liv var gjennomgangstema då Turbospetakkelet gjekk på den svette scena i bomberommet under Dragefjellet, også kjent som "Fjøset". 250 elleville Jusstudenter hadde kledt seg opp i rosa habbitt og var klare som bare nydøypte studenter kan vere. Foto: Einride Torvik

Turbostipend salar opp!

Turbo sparkar igong

EXODUS 25 år - november 2010
Me tok inersvingen på sjølvaste Comeback Kid når me inntok Exodus fredag 19. november og feide over den oppvaksande slekt. Dvs me trudde me skulle spele for ungdommen (og tenkte at dei trong gode musikalske forbilder, fortapte i eurodance trash som dei er) men så var et altså slik at aldersgrense 24 år faktisk var reell. Her fekk bare dei gode gamle Exodus-folka komme inn, og det var over tusen festglade utelivsfolk som angiveleg hadde trådt sine barnesko på nevnte diskotek.

Two gigz or not two gigz

- 2. oktober: Veldedighetskonsert, Kreftforeningen, USF Verftet
- 28. august: Hotellet, Svelgen

Fadderfest for SV-studentane, Teglverket, Kvarteret
TurboDance kicka igong haustsemesteret med ein uoverveid konsert for SV-fadderbarna tirsdag 17. august 2010 i Teglverket på Kvarteret. Det er jo på mange vis som å komme heim for gutane i rosa tights, all den tid dei debuterte på denne scena for mindre enn tre-fire år siden.
Jus fadderfest

Samme kveld: Jus-kluss!
Turbospetakkelet var eigentlig også booka (trudde me) til å spele for dei spinnville jusstudentene nede i "Fjøset" på Dragefjellet tirsdag 17. august 2010, men Fadderkomitéen ringte og kansellerte mandag - dagen før speleoppdraget?! Så me fekk desverre ikkje hoppe og synge ilag med vakre jusspirer denne gong.

Som eit digitalt plaster på såret kan me mimre om infernalske fadderfestar nede i byens heitaste konsertlokale:

Fadderfest 2008 (på Facebook)

Fadderfest 2008

Fadderfest 2007

Fadderfest 2006

After Ski på Gol: årets JVL 2010 er landet!
Gol skisenter - After ski

Turbostipend gjesta nok ein gong høgfjellet, nærmare bestemt for dei kuleste studentane i sektoren - jusgjengen frå Bergen og Oslo! Det var bebuda After Ski på Gol skisenter og knallsterk stemning, allsang og noko om "kjenner du at sola steiker, vi er med på vinterleiker, ...er så full at bena sover, drømmer om de norske lover" o.s.v. Men helsike, folkens, utekonsert i februar? Det var minst minus 15 grader på utescenen og bandrommet kan hende likeså. Det merkast nok på både studentar og musikarar at man hadde vore heile dagen i kuldegradane, men når "Livin' on a Prayer" strømma ut av høgtalarane så var det bra kok i "salen". Foto: Peter Klasson

 

AlfAlf "DobbelDiva" song på Idol!!

Vår andrevokalist og snuppebedårar, Alf Johannes Agcaoili Borge, var på TV2s "Idol" 2011 og sang "Hunting High and Low"! Han begeistret dommerene til dei grader at Bertine Zeterlitz ærklærte på direkten at ho tykte han var favoritten! Han kom til andre runde og song "The Sun Always Shines on TV", men rauk desverre ut.

- Trur du han er lei seg for det?! Aldri i livet. Her kan du sjå Alf i Turbo-æksjen!

Dobbel Trøbbel på Ricks 18. + 19. september 2009!

Turbostipend lyt inntok standplass og spelte opp til halloi fredag 18. september, og deretter toppa det heile med ein knallkonsert laurdag 19. september - på samme plassen!! Ivrige publikummere løyste dobbeltbillett og (inkludert sovepose og frukost) låg deipå fyste rad i påvente av 80talls-pop.

TossaHopp/Rehopp kalas på Ricks 11. + 12. desember 2009!
Julen er i boks. Eller rettare sagt: julen kjem i tights. Turbostipend inviterte til jolafest to dager til ende med dobbelspeling på Rick's fredag 12. desember og ein ny tagning laurdag 13. desember! Folka tok med seg kjerringa og dansa buugi wuggi til "Livin' on a Prayer".


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.