Dei Homoerotiske sidane 2007

Hausten 2008 - Våren 2009

Ein semesterberetning om kjærleiken, livet og døden.

Tirsdag 17. august: Fadderfest Juss - Dragefjellet, Fjøset

Fadderfest

Varmt, vilt, vått, vakkert. Det taktfaste møtet med unge studenter og studiner på jusstudiet er ein sann høydare for gutta i Turbostipend. Det vert ein heftig konsert med opp mot 35 varmegrader på scenekanten. Diverre har me ikkje eit einaste foto frå konserten, dette grunna høg fuktighet i salen (det drypte frå taket, mann!) og me måtte evt. hatt eit undervannskamera for å fange menn i rosa tights. Men etterpå måtte arrangørane fram med kost og bøtte og ein septikbil for å få unna etterlatenskapene.

Sjå fleire svette bilete på Turbostipend si gruppe på Facebook!

16. + 17. mai: Dobbel nasjonaldagsmoro på Rick's

Ricks

Finanskrisen tok seg ein pause denne kvelden, ingen tenkte på høg gjeld eller låg rente, det var snarare høg partyfaktor og låge utringningar.

9. mai: Os Rock City - oppvarming for deLillos

KALD FORNØYELSE: Turbostipend spelar på utekonsert i Os sentrum laurdag 9. mai som oppvarming for deLillos. Og oppvarming vert det i isande kuling og regn og ikkje so mange varmegrader på ein Vestlandsk maikveld. Men Osingane var lette å be opp til dans og laga baluba i ...ja, kast og trøkk. Og det gjekk bra med deLillos også. Foto: Peter Klasson

4. april: Hafjell Rock Resort - After Ski og After Dinner

Hafjell

Finn sju feil: Turbostipend har inntatt vintersportens hovedkvarter, nemlig alpintanlegget på Hafjell. Her ferdes dei rike og dei pene og dei som elsker å stå på ski heile påsken. Team Turbo spela både på After Ski og på kvelden laurdag 4. april.
- Fann du sju feil? Me har to vikarar, nemlig Inge og Daggi. Dessutan er Tossa på rehabilitering og dermed er det Dobbel Diva v/Alf og Peavy. Trommis Clayzon manglar jo på bilete, han står sjølvsagt bak kamera. Og den siste feilen? KVA I HELVETE GJER TURBOSTIPEND PÅ EIT SKISENTER??!?

Fadderfester i fleng

HiB

Lærerhøgskolen 29. august: fullt hus og massiv stemning allerede fra første låt. Me kan melde at det var høg allsong-faktor allereide i køen utenfor danselokalet på Landås.

Dobbel-Ricks like før jul!

Fredag 5. og laurdag 6. desember sparke me rumpe på Rick's på den tradisjonelle jolekonserten. Dte gjekk fint.

Fans

Tubostipend gjorde det igjen, to gonger! Tossa spela tanga-hits på sitt bærbare keyboard og utløste feromoner, testosteron og eggløsning på første rad.

Peavy råkker Austevoll25. oktober: Folkefest på Austevoll
Tubostipend var ein tur med ferje frå Krokeide over sundet til sjølvaste Austevoll. Laurdag 25. oktober dundra me laus i idrettshallen på Storebø, og det var 500 feststemnte øybuarar som satte oss i stevne denne kvelden. Full storm herja med naturen utanffor veggane, og det er vel med respekt å melde at også publikum bød opp med stiv kuling i kastene då dei skreik "Liiiiviiing on a praaayyyææær!". Me ba pent om me får komme attende, og fleire sa "ja, gjerne" til det!


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.