Dei Homoerotiske sidene 2007

Semesterrapport Våren 1999


Publikum lar seg ekstaltereGutta i TEAM TURBOSTIPEND har nytta joleferien til å tenka seg om, og kommet fram til den erkjennelsen at honoraret på kroner sju tusen ikkje er realistisk. Det er ein del teikn som talar sitt tydelege språk, så som vanskelegheita med å få spelejobb, samt vanskelegheita med å få betalt etter endt spelejobb. Av den grunn vart no honoraret satt til 7X800 som gjer det uhåndgripelege svaret 5 600,- spenn. Og det fønka visst...

Faddarar: 4. februar var årets fyste spelejobb. Det byrjar å gå rutine i enkelte speleoppdrag. Nok ein gong var det klart for kanonkonsert under fadderdagane for SV-studentane på Hulen. Denne konserten vil verta hugsa for det faktum at arrangøren ringte kvelden i forvegen og medellte at dei hadde vært nokså slappe med PR-arbeidet, slik at '...det kan jo henda at det ikkje komme någen'. Bookingansvarleg i TEAM TURBOSTIPEND skal ha blitt rasande på denne dusten frå arrangementskomiteen og sagt klart ifrå kvar skapet skulle stå. Dei rette vedkommande tok sjølvkritikk og konserten vart avvikla - med eit rikeleg antal publikummarar. Og denne gongen rakk me å fullføre innan Hule-personalet var tvungen til å kutte strømmen.

Bassist JT tek posituren Skum + Pub: Onsdag 10 mars, Teglverket. Nok ein gjengangar på konsertfronten er den semestervisse opptredenen på Kvarteret for interngruppene Skum og Pøbb. Denne gong hadde me med oss tidlegare bassist Jan Roar som stand in stunt-operatør i ein sacco-sekk, iført grilldress og sykkelhjelm, lesande på VG og generelt misbilligande tilstade - samt gjesteopptreden på Summer of '69. Fullt hus også denne gongen, som alle gongane før.

Med cat-walk, sleazy dansing og adskillege PR-kåte groupies vart dette ein festaften av internasjonal målestokk. Når blir dei lei???? Det kan virke som om TURBO har inngått ein slags langsiktig avtale med interngruppene på Kvarteret, at dei ikkje veit anna råd, eller at dei har hamna i ein ond booking-sirkel. Uansett vart det kjekt for gutta i bandet, avdi det er bestandig bånn gass og full pupp på desse konsertane.

Keyboardist Eidsvik og ein tamburin
ROKKERING: Under 'Walk this way' vart det anledning for keyboardist og småbarnsfar Erlend å ta ein tur på fyste rad ilag med dei andre frontlinje- forkjemparane. Der kan han oppleve ein del ville publikummere og skummande pils.
foto: Marianne Aagedal
Publikummere dyrkar bandet
BEUNDRING: Stjernefotograf Aagedal tek seg ein pause frå det krevande arbeidet som hoff-fotograf og diggar litt sleazy-kledt kordame på fyste rad.
foto: Vi aner ikke
Fargesprakande show
FARGERIKT: Den fyste delen av settet er prega av pastell-fargar og ein lyseblå tro på livet og framtida. Jan Torry kjørar Money for nothin'
foto: Marianne Aagedal

Kapitalist-after-ski: Laurdag 13 mars var det påny klart for møte med dei blivande direktørane på NHH. Me skulle spele på AFTER SKI som vart arrangert i samband med ein s.k. 'skidag'. Ifylje arrangørane skulle det vere mellom 3 og 4 hundre publikummarar tilstaes klokka ni på kvelden. Den gong ei; folk var anten sletne etter skigåing eller så visste dei ikkje om konserten. TURBO spela for halvfull sal inne i Campus kor det var samla ein salig blanding av ivrige økonomar og gamle Turbo-fans. Spesielt dei gamle Turbo-fans'a gjorde stort nummer av seg sjølv og okkuperte til tider heile dansegolvet. Men det vart ein heidundrandes konsert lell, noko som dei mange booking-folka veit å sette pris på. Ny spelejobb på NHH er fredag 20. august!

The Turbostipend line-up
LINE-UP: Noralf, Jan Torry og Iver tek han heilt ut under framsyning av 'Summer of 69' under ein rå konsert i
Teglverket. På sidelinja kan ein skimte farsfiguren i konsentrert avdrikking av likvide midler.
Foto: Marianne Aagedal

Sosiologi-gjensyn: Tysdag 25 mai var det eit gledeleg attendesjåande med dei glade elevane ved sosiologisk institutt. Konsert på Garage denne emininente vårkvelden var ein sjeldan god og stemningsfull affære, med fleire krumspring og halsbrekkande scene-stunts. Turbo fekk vist at det ennå var liv laga i gamle schlägarar. Ny låt for anledninga er sjølvsagt Prince med 1999... nokon andre? Også ein god del medievitarar var på konserten avdi det nett hadde vore innlevering for ein del av hovudfagskandidatane. Personalet på Garage vart so begeistra at dei rekomanderte oss spelejobb i haust, og det har me fått stadfesta: laurdag 4. september! Voi voi!
Vokalist Peavy og kordame Iver i tett samkvem

Oppsummering: Semesteret viste at homoerotisk 80-talls musikk ikkje heilt var gått av moten ennå. Eit jevnt tilsig av spelejobbar stadfestar dette inntrykket, samt det faktum at fire gig'ar for haustsemesteret alt er book'a. Me er jo spesielt glad for konsert som skal spelast på Garage laurdag 4. september. Dette vil verta ein liten værballong kor me kan måle kor mykje vårt eige lille merkevare er verdt. Det er visst også tydeleg kva eit band av vårt format er verdt i honorar, så me har slått oss til ro med kr. 5 600,- for ein god jobb (samt dei evindelege kassane med pils).

Hausten som kjem vart spennande på alle vis, då keyboardist Eidsvik skal avgårde til Nepal for å forske, slik at det vil verta naudsynt med ein vikar på tangentar. Tidlegare har godeste Dag Øyvind tatt i eit tak, så me får sjå om han har tida no i haust.

 

 

Semesterrapporten godkjent på den manglande Generalforsamlinga juni 1999


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.