Dei Homoerotiske sidene 2007

Semesterrapport Våren 1998

Iver og Erlend byttar paa at spele gitar

Teknikar-moro: Tidleg i Januar spela dei garva homoerotikarane for Teknikersamfunnet under vekkelsesmøte i eit bomberom ute på Nordnes. Det vart skipa til 80-talls Kro laurdag 24. januar og publikum utmerka seg med å komme med vulgære 80-talls klede. Som vanleg var det heftig homoerotikk frå scenen. [Bilde kjem snart]

Innta bassene: Semesteret starta med at det vart klart at bassist og grinebitar Jan Roar Beckstrøm meldte overflytting til ein anna klubb i hovudstaden, og dermed såg det brått ut som om 80-talls laget stod utan ein bassist-midtstoppar. Efter ein del moralsk sjølvransaking og mykje bruk av kjeft vart det hyra inn ein vikar: Jan Torry. Han var rønd frå m.a. Black Sabbath-bandet WARPIGS ilag med Iver og Noralf, og var ein heftig homoerotikar på alle vis.

Generalforsamling: 30. januar avholdast Xtra-ordinær Generalforsamling for YSHEPF i heimen til Noralf, Iver og Jølle. For sistnemde er det også avskjedsfest før overflytting til Tigerstaden. Man pratar om strategiar vidare. Det blir bestemt at YSHEPF frå no skal vere ein kynisk og kapitalistisk organisasjon som berre spelar rock'n roll for pengane sin del (i motsetning til tidlegare då ein gjorde det for musikken, pilskassane og all tatta på bandrommet). Det blir og konsumert edle dråper frå Polo Deluxe, eit skikkeleg homo-erotisk whiskeymerke. Eit åtak mot bassist og overlaupar Beckstrøm

Avkom: I februar blir verdens fyste ekte barn av Turbostipend født: Erlend og kjæreste heidi får ein liten gut, som etterkvart får namnet Birk. Dette er ein av dei fyste teikn på at Turbostipend ikkje lenger er eit ekte homoerotisk orkester.

Badstu: Seint i februar var det planlagd ein eksursjon til ei avsidesligjande hytte i Kvam Herad som eit par av medlemmane i YSHEPF har tilgang til i kraft av å vere Larmonistar. Her kunne det blitt god homoerotisk jamming i m.a. badstua, men merkelege omstende ville ha det til at det ikkje vart tur alikevel. No tas det sjølvkritikk i små doser.

Vikarar: 4. Mars var det speling for Nordfjordlaget i Teglverket på Kvarteret. Ved denne spelejobben var gitarist Noralf i London, slik at kollega Inge tok over 6-strengaren. Og keyboardist Erlend var brått gått ut i fødselspermisjon, slik at det var naudsynt med vikar på keyboards også. Her kom den utrettelege Tossa til redning; hans gamle kollega frå dansebandet CONTACT var ein som kunne sin Final Countdown! Han heitar Dag Øyvind og åpenbarte seg som ein duganes homoerotisk vikarierande tangentmann. Også bassist Jan Torry var ny på scenen, men dei rutinerte karane hala det heile i land. Dei nye faste korjentene Tor Helge og Iver

Replay: Onsdag 18. mars var det klart for årets fyste reprise: spelling for dei to arbeidsgruppene på Kvarteret Skum og Stjernesalen. Til denne konserten var trommis Peter Clayson for anledninga i New York. Dermed blei det til at trommeschläger og Generalkonsul Iver Sandøy piska dei nødvendige skinn denne kvelden. Det vart gledeleg attendesjåing for både musikarar og publikum. Teglverket var dampande heit og snuppene blanke i augo. Det fine med denne gig'en var at karane kunne legje ned instrumenta efter konserten utan tanke på å rydde efter seg. I morgon skulle dei nemlig spele her ein gong til!

Realfagsdagane: Torsdag 19. mars var det atter spelejobb på Kvarteret under Realfagsdagane. Det vart ein fantastisk konsert med fullt hus i Teglverket og steikandes liv foran scenen. Karane leverte kan hende semesterets mest heftige konsert, noko i nærleiken av 17. mai 1997! Turbo var konge denne kvelden! Jan Roar visar fram sin blide halvdel

Ingen April-spøk: 1. April var det klart for spelejobb på Garage igjen for dei galne Sosiologi- studentane. Dei kan visst aldri få nok eksponering av Team Turbostipend. No var Peter Clayson attende frå Manhattan, og vikarierte delvis for Tossa på enkelte sangar (som kordame) avdi han Far var på feltarbeid. For karane var konserten ein liten nedtur frå sist, men jamvel ein homo-kvalitets-erotisk konsert.

Nasjonaldags-nedtur: 17. Mai vart det desverre ikkje noko av å spele på Kvarteret. Karane uttrykte skuffelse over Laurdagsgruppas booking-politikk. I staden kunne me sjå debut-konserten til OppNedBass, kor kordame og Reichkansler Iver har ein fremtredande rolle. Han har med seg kollega og sjefs-grinebitar Olav Ka e' klokka?? på gitar og Inge 'Rypdal' Rypdal; også el-gitar. Dei syng på kav Romsdaldialekt og fortel historiar om hestar og katteplaging frå heimtraktene i Rætvåg kommune. Mini CD har dei óg gjett ut. No tek dei snart Manhattan. Oppnedbass sin ny CD 'Hesten'

Hauso: So vart det stilt heilt fram til 20. juni, då det atter er speling. Denne gang i eit 30-års lag inne i Ullensvang Herad, nærare bestemt på Hauso Samfunnshus. Karane har akseptert å spele for kost + losji, noko som kan hende har med sumaren å gjere. Til denne jobben kjem grinebassar Jan Roar Rekdal for å ta Hauso-tatta med storm. Det heile byrjar med at me blir henta i Bergen av nokre håntlangarar. Solen skin og snart er me ved Hardangerfjordens fyldige bredder. Me tek ferje og konstaterar at ferjebilletørsumarvikar-jenta er ei av dei penare me har sett (og det seiar ein del; karane i Team Turbo har sett ein DEL ferjebilletørar). Inne på Hauso vart me teken godt imot av 30-åringen Trond, som ikkje veit heilt kva han skal tru om denne sortkledte gjengen frå storbyen. Solen skin og Hardangerfjorden ser ut som eit postkort. Vikar-keyboardist Øyvind er på plass, og det oppstår forbrødring bak på scena då han og Erlend riggar opp sine kayboards og synthezeisærs. Me undrar på kva me får av kost + losji, og det visar seg å vere betasuppe og 70 liter cider. Me gjeng til åtak straks efter soundcheck og forskansar oss på ei nærligjande brygge for å nyte sumarens lengste dag. Klokka elleve tek me klesskifte og entrar scena.
-One, two, three, four: Thorn in my side, you know that's all you ever were...
Turbostipend er atter igang. Det er ein stund sida me var åtte mann på scenen, men det gjeng heilt flott. Sjefs-groupie Live tek mange fine bilete. I salen sit alskens folk mydlå 25-60 år og bæljer cider og heimebrygga Hardanger-øl. Dei dansar også. Perkusjonist Peter Clayson tek 'an heilt ut under speling paa Hauso

Etter konserten held me koken til klokka tre på morgonen med rocking til Van Halen schlägarar. Så stablar me oss opp på vår faste brygge og sjår sola stå opp litt over klokka halv fem om morgonen. Farsfiguren er kraftig påsegla, med resten av mannskapet hakk i hæl. Petter har byrja på det som ein dag skal bli eit slektsepos i sju delar med tittelen 'Åtgaum'.
-Det heile byrja med Gunnar, fortel Petter. To tusen nautiske mil aust for New Zealand har båten blåst ut av kurs, men Kaptein Klasson og hans trufaste mannskap er alt anna enn gretne. I eit repa tau 300 meter akterut heng Tossa, fastbunden og kjølhalt, no på tredje veka. Dei tek han opp til kvelds; han er dekt i alger og blåskjell.
-Skal du ha litt cider? spør styrmann Beckstrøm. Dekksgut Oppdahl er ikkje akkurat taletrengt, men mumlar noko om at han er villeg til å bytte inn fire lesper for ein sprek 7-åring. Lettmatros Eidsvik konstaterar at Oppdahl gulpar ein hel del.

Serien Åtgaum framheld ved eit seinare høve, melder Klasson.

Oppsumering/konklusjon
Eit særs travelt semester for karane i YSHEPF, prega av omveltningar og intern grinebiting. Eit kjenneteikn er stort konsum av vikarar, x-tra hjelpar og folk som 'steppar inn' når det trengs. Det kan virke som om verksamda tek seg inn litt avdi medlemmane er opptatt på andre hold med sine respektive samfunns-oppgåver. Men det er varsla auka aktivitet til hausten.


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.