Dei Homoerotiske sidene 2007

Hovedgesjeftigalsar Hausten 1997


Tossa, eller også kalla 'Farsfiguren' , i omkledningsrommet.

Hausten vart innleia med faste øvingar saman med dei nye kordamene Iver og Tor Helge 'Tossa'. Sistnemde vart og kalla 'Farsfiguren' avdi han var den einaste som kunne fungere som eit slags faderleg forbilete og rettleie oss andre unge sarte søkjande menneskje.

Sosiologane: Spelejobb i September på Fagfest for Sosiologi på Garage. Dette gav interessante bekjentskapar. M.a. fekk me ein psyko-sosiologisk vurdering av konseptet vårt. Hovudfagsstudentane på Sosiologi meinte at me var ein latent struktur, som verka som ein utløysande faktor for aktørane sitt skjematiske versbilete. Dette blei kalla for Pære-syndromet. Dei meina og at det her var snakk om eit regionalt fenomen, men antakelig ikkje nasjonalt. For vår del var det ein heilt vill kostymeparade kor me spurta gjennom minst femten ulike stilartar i løpet av konserten. Mange publikummerar vart særs forvirra av dette.
Speling paa klubb for psykologi-studentane haust '97

September: Vårt fyste møte med psykologi-studentane hendte på den noko harry klubben Why Not denne hausten. Det vart rigga eit provisorisk lydanlegg av Kaptein Krok, og alle studentane hadde kledt seg fint opp i 80-talls kostymer. Dei var til tider meir oppdressa og hysteriske enn bandet. i denne perioden hadde me premiere på eit nytt slags konsept, nemlig kostymeskift efter pause. Med Iver og Tossa som faste kordamer var det no ein noko brokete og homoerotisk framtoning på scenen. Stilistisk hamna me ein stad mellom tyske B-pornofilmar og norske revyteater på 80-talet. Men suksess vart det uansett. Som ein liten ekstra piff hadde iført oss gamaldagse badedraktar under X-tra nummeret. Me hadde og presentasjon av Haustkolleksjonen: det kan du lese meir om her.

Psykoanalysert: I oktober var det nok eit møte med studentar på Embetsstudiet i Psykologi. Seansen gjekk føre seg på USF der me vart psykoanalysert grundig. Det var ein slags konferanse kor det og gjesta mange internasjonale teoretikarar og praktiserande psykiatrar. Dei fann ut at YSHEPF-medlemmar alle hadde ein vanskeleg barndom, med eit komplisert forhold til både mor og far. Jan Roar har karra seg fram til X-tra nummerDet vart trekt fram som døme at me ikkje hadde fått utløysning for våre ødipale tenåringsfrustrasjonar, og difor var særs betinga for påverknad frå den vulgære 80-talls kulturen. Dette kan føre til regresjon og psykologisk ubalanse med påfyljande traume og indre krise. Som ein mestring av denne frustrasjonen inntar man ein s.k. 'homo-erotisk legning', som er korkje hetero eller homo. Det er berre Pære.

Det som var oppsiktsvekjande med denne spelejobben var at me blei invitert på vårt fyste nachspiel! Heilt sida me byrja i denne jobben hadde me lengta efter tilbod om ville festar og orgiar på nachspiel. Ei sexy blondine ved namn Nina halte oss med og opna stova for godtfolket. Me herja og kosa oss heile natta, sjølv om det ikkje vart så mykje tatta. Men me rakk m.a. å stifte foreninga vår, som du kan lese meir om her.

Skum og Stjerne:To av arbeidsgruppene på studenthuset Det Akademiske Kvarter var vertskap tidleg i oktober. Dei gjorde totalt knefall og la seg flate for konseptet til dei homoerotiske ridderar. Ein totalt ukritisk og jamvel naivt inntak av pære. Det viste seg seinare at det tallrike publikum var alle rundt 18-20 år, og soledes særs sarte og mottakelege for underligjande pseudo-seksuelle strømningar. Det kan hende at gutta her verva100-200 nye homoerotiske kameratar. Noralf lirer slitte gitarriff kun iført bartKarane sa i ein kort kommentar til sekreteriatet at dei var nøgde med konserten.

November: Høgdepunkt for sesongen var utan tvil eksursjon til Homoerotikkens høgborg: Trondheim. Trønderan veit å setje pris på ein ekte kvasi-homse. Anledninga var den årlege Studentorkester-festivalen SMASH som vart arrangert under UKA på Studentersamfunnet I respekt av å få møte desse åndshøvdingar og kjennerar gjorde bandet ein kollektiv innsats og anla bart for turneen. Det vart særs godt motteke bland dei meir hardbarka gutane i Tusenårsbyen. Konserten vart ein ubetinga suksess. Det viste seg altså at Homoerotisk legning var eit nasjonalt fenomen. Vidare fekk me verva nye medlemmar til foreninga, og det vil snart bli opna konsulat i både Trondheim og Oslo.

Trommis og Perkusjonist Peter Clayson

Bartbekledd perkusjonist i full gang med Homoerotisk Kulturmønstring i Trondheim.

Foto: Marianne Aagedal/Snuppe

Iver og Joelle rocker hardt under 'Augo til Tigeren'

Reichkansler Iver og Grinebitar Jølle set hardt mot hardt under avspelling av 'Eye of the Tiger' foran elleville tilskoderar.

Foto: Marianne Aagedal/Larmonien


Polo-Forening: I kjølvannet av den legendariske turen til Trondheim hendte det ekstraordinære at foreningen skiftet navn og samtidig (eller på tross av) utarbeidet de endelige statuttene. Dette kan du lese mer om her. Eit anna vendepunkt dette semesteret var nivået på bandets honorar: fra å kretse omkring fir-sifra beløp (nederst på stigen) hadde vi brått rykka opp i fem-sifra beløp. Det var litt av ein overgang for eit idealistisk rølpe-band som eigentleg berre var ute etter pils og tatta. Det værste av alt var at Team Turbostipend var god for penga også.

Turbostipend spiller endelig på Nye Ugla

Turbostipend får ein av sine draumer oppfylt då dei spela på den framståande danseband-klubben Nye Ugla på eit veldedigheits-ball i desember 1997. Her fekk dei og anledning til å opptre som backing-bandet til den namngjetne sangerinna Kate Augestad, røynd frå Bergensrocken tidleg på 80-talet.

Foto: Marianne Aagedal/Medievitskap

Avslutning: Semesteret vart runda av med ein veldedighets opptreden for Medievitenskapelege studentar under deira joleball i Desember på Nye Ugla, ein stad som gutane i TEAM TURBOSTIPEND lenge hadde ynskjt å spela. Ugla er røynd for sin gode og brune homoerotiske stemning. Fyst var det opptreden med intern-bandet for medievitskap: Le femmes et la Fatale. Der medvirka m.a. trommeslager Peter Clayson iført natklubb-kjole. Deretter fekk Turbostipend den ære å stille som backing-bandet for den kjente sangerinna Kate Augestad som herja bergenske rockescener og klubbar tidleg på 80-talet. Ilag framsyna dei eit par nøye utvalde tolkningar av røynde slagarar.
Noralf lirer gitarsoloer

Noralf dreg ein gudbenådet gitarsolo under eit forsøk på
kåvring av Sting-låta Mad about you.

Foto: Marianne Aagedal/PR-Groupie

Perkusjonist ifoert feminin aftenkjole + sminke

Trommeslagar og perkusjonist Petra har iført seg lekkert aftenantrekk og får endeleg levd ut si feminine side.

Foto: Marianne Aagedal/Larmonien

Til slutt var det Turbostipend sin tur, og dei ga bånn gass. Konserten blei særs godt motteke av dei unge mediestudinene, som for anledninga vart iført freistande gallakjoler. Det faste Bulgarske dansebandet var og begeistra for å møte åndsfrendar i Noreg. Me fekk utveksla historiar og homoerotiske tips før me braut opp det lystige laget seint på natten.


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.