Dei Homoerotiske sidene 2007

Juni 2001
- en turbo oddyssé (den måneden det tok helt av)

Grunna stor pågang og masse speling har arkivtenetsa i Team Turbostipend desvere ikkje rukke å halde sidane oppdatert. Me har no hatt eit internt seminar kom me freista å legge oss flate og beklage det intrufne, samstundes som me tok oss sjølv kraftig i nakken. Herunder kjem den heroiske rapporten om turtelduene i Turbostipend anno juni 2001.

Helt på viddenePinsefest på Geilo to dager til ende
Fredag og laurdag 1 & 2 juni var det klart for Pinsebaluba oppe på Geilo. Me var invitert til å halde vekkelsesmøte på Lille Blå, som er byens kuleste utested. Planen var to spelejobbar, både fredag og laurdag. Det ville kreve førebuing og høgdetrening for gutta i thights. Det ville også kreve bemanning av det vidgjetne romskipet 'Vendereis', med kapasitet til 8 musikarar og ditto instrument og kostymer. Kaptein Eidsvik og styrmann Ridet intok kommandobrua med autoritet og sertifikat frå nordvestlandest romkadett skule. Me vart frakta langs riksveg 7, med eit kort stopp for ein synfaring på Hardangervidda. Her fann me m.a. den ukjente snøscooterens kirkegård, staden der kor alle dei utrangerte scootarane vart satt hen for å ruste vekk. Me merkar oss også at cand. keyboard Eidsvik har med seg eit fint digitalt videokamera, og me går igang med å dokumentere denne viktige kulturinstitusjonen på tampen av det nye årtusen; Theodors Orkester.

Konsertlokalet var ein likandes og intim bar midt i Geilo sentrum, og klientellet var heile spekteret av byens partyløver- og løvinner. For gutta i Turbostipend var det ei ny røynsle å treffe dei som framleis ber 80-talet nær hjertet. Fredagen var det halvfull sal, med god stemning og ein del sprelske riff. Orkesteret stilte i full dress og sløyfe, nett slik som på Say Cheese for eit par veker siden. Det fell i hug hjå publikum, som kvitterte med god stemning og allsang på dei tre legendariske x-tra nummer.

Dagen etter var det slæbing og soling på hytta, kor dei likandes vertene hadde inkvarteret oss. Høg standard, med badstu og alle fasaliteter gjorde til at me fekk eit glimrandes opphold. Karane i arrangementskomitenéen kom sågar over i kveldinga laurdag og diska opp grillmat og allskens godt frå frysedisken. Det vart høg stemning i hytteveggen, med utsikt over eit solfylt Geilo og lokalt pilsnerøl på boks.

Laurdagskveld var det ein anna historie, med fullt hus og kanonstemning. Rykte må ha gått på bygd og by, for det var tjåka med folk. Då gutane drog igang var det halloi frå fyste riff og etter det tok det heilt av. Me observerte knisande tenåringar (med falsk legg), kortevokste menn som kasta skjorte og bukser, samt syngande husmødre som kom med tilnærmelser og fagre løfter. Ein fantastisk konsert, med allsang og åtgaum på x-tranummer. Konsertstaden hadde internett-tilkobling, slik at folk kunne sjekke ut websidene til Turbostipend medan dei faktisk stod på scenen og spela. Nokon fann fort ut at vokalist Peavy dreiv med både det eine og det andre då han var på tur i USA. M.a. finst det bilete av han ilag med skodespelaren Kevin Sorbo, røynd frå TV-serien HERCULES.

Tall som teller
Bassist og statiker Ein Ridet har tallene for helga klar, og dei ser slik ut:

Fredag 1 juni
Laurdag 2 juni
Turbometer
1. sett
2. sett*
Hopp
957
1297
Kalorier
15,4
20,8
Km
0,28
0,38
*Ein melder at han mistet pedimeteret ein eller annen gang i andre sett... Fant det på gulvet etter siste låt
Turbometer
1. sett
2. sett
Hopp
1694
2118*
Kalorier
28,1
35,1
Km**
0,50
0,63
*glemte å stoppe umiddelbart etter fullendt sett på grunn av gratis nett-tilkobling...
*
*vedr. km. steglenge var stilt inn på 30 cm. Ein undrar om han no hoppa høgare i snitt ville det sjølvsagt ha tilsvara fleire meter

Det kan no allerede noterast rekord på laurdagen med totalt 2118 hopp i andre sett! Dette er heilt utruleg bra, og ein markant framgang frå spelejobben på Garage 20 april. Seinare vart det reist kritikk frå dei andre i bandet, noko som du kan lese meir om litt lenger ned.

Nachspiel
Etter konseten fekk me ikkje mindre enn fire invitasjoner til nachspiel, og me fell sjølvsagt for den som lova ein hotellsuite med 16 vakre kvinner. Det viste seg å være ein juniorsuite, med 8 kvinner og ein del grinebiterske menn, men det var ingen nedtur; tvert imot. Det var Billy Idol på ghettoblæsteren og dancin' in the morning light. Jentene viste seg å være Class of '89 frå Toten Folkehøgskule, reiselivslinja, som var på reunion her oppe på Geilotraktene. Dei meinte at Team Turbostipend nærmast hadde gjort helga til ein kjempesuksess, avdi dei fekk anledning til å ha full party med sine gamle vener, og høre all den gode gamle musikken. Etter dette nacspielet for nokre heim til hytta, medan andre, t.d. vokalistane i DobbelDiva, fann det for godt å halde koken oppe med meir pils ilag med innehavarane av pøbben der me spela. Ein utruleg gilde fest for alle dei impliserte.

Pedimeterstriden
Når Ein publiserte tala frå Geilo-gig'en, gjekk det ikkje lang tid før rykte om fusk og doping svirra i troppen. Korleis kunne han ha slik ekstravangant framgang på så kort tid? Ein svarar på grinebiter kritikkOg dette pedimeteret, var det til å lite på? Kor sikre var desse tala som han presenterte? Som svar på den metodiske kritikken har Ein uttalt seg:

"Eg vil derfor opplyse om at eg har skaffe ein manuell skritt/(hopp) teljar, og det er ho Unni, kona til Olav K. eller sekretæren i oppnedplater om dykk vil. Ho har dei beste skussmål i matematikk frå skulen. Eg skal sjølv skaffe til veie kopi av desse. Likeframt har ho sagt seg villig til å telja, eller kontrolltelja ved neste turboopptreden som da ser ut til å bli på BLUE VELVET. Eg har sjølvsagt forespeila henne store delar av hyra til dei som stod for grinebitinga og krava om kontrollteljing."

Dermed er det duka for spenning på høgt akademisk nivå når hoppinga til Ein skal kontrollerast no på torsdag. Me vil anta at urinprøve og IQ-test også inngår som ein del av kontrollrutinene. Men det er jo best å få saka ut av verda, som dei seier i det finske landslagsmiljøet.


Dei unge lovande gutane på Blue VelvetShow på 'Blue Velvet'
Torsdag 14. juni inntok Turbostipend den vidgjetne scena på resturanthuset Banco Rotto og 'Blue Velvet'. Det vart eit møte med ein anna type publikum en gutta er vant med, noko som ikkje la demper på festlighetene. Resturanten og baren er røynd for rockeband på høgt kvalitativt nivå, og er fast scene for mange av byens profesjonelle musikarar! Her skulle hurraorkesteret Turbostipend inn og spele fele. Lukklegvis hadde kordame og og dirigent Tor Helge Oppdahl høve til å vere med dei villfarne gutta, slik at eit viist snev av respekt kunne haldast i hevd.

Dei som har vært på Blue Velvet vil vite at scenen er ekstremt lita, faktisk ikkje plass til meir enn fire fullvaksne karar. Det vart til at me anekterte plattingen på hi sio av inngangsdøra, slik at Turbostipend opptrodte i tospann, fire mann på kvar scenekant. Det kunne gått riktig ille, men det vart ein kjempesuksess. Publikum visste ikkje kor dei skulle feste blikket, og medlemmane i bandet visste ikkje kva veg dei skulle hoppe.

For kvelden var me atter i søkeljoset til eit videokamera, avdi cand. stud. Eidsvik hadde med seg eit videokamera. Seansen vart festa på digital videotape av eit spesialteam frå Berlitz Bergen, Eva Endresen og Hilde Fjellheim. Om tid og stunder vil det vart laga ein dokumentar om 'Livets Glade Gutter' som vil endre totalt på omgrepet om korleis me ser på musikkbransjen i Noreg.

Natta vart avrunda i høve til Genév-konvensjonen av 1952, grunna tur til Stavanger påfølgande laurdag.


Stor moro på Humorfestivalen!
Team Turbostipend inntok sildeoljebyen med storm laurdag 16 juni, i det herrens år 2001. Anledningen var den Store Norske Humorfestival, og hurragutta var invitert til å halde To konsertar denne dagen. Første konsert var utescene på Vågen, rundt kl. 13:00. Andre konsert var på Nattkafe og festivalnachspiel på SAS garasjen, vegg-i-vegg med FOLKEN. Det ble en heidundrende suksess, og liv laga i Stavanger.

Back to Hundvåg
Gutta i Team Turbostipend attende på trappa til Villa Klasson på Hundvåg. Her vert det overnatting hjå far og vinbonde Hans G. Klasson i hans fashonable residens. Fr. v. Noralf, Ein, Iver, Peavy, Olav, Peter og Erlend.
Foto: Anna Klasson

I børjan måtte Kaptein Eidsvik og Romkadett Ein Ridet fyre opp fasegeneratorane på romskipet 'Vendereis'. Det vart lasta inn backline og svette kostymer fra Turbostipend sitt hemmelige lagerrom i Bergen, og så bar det nedover landevegen, med ferjer og trekantsamband ('Ein gedigen skuffelse', ifølge maskinist Sandøy, som hadde venta seg heilt andre ting av denne trekanten). Vel framme i Stavanger var det berre å lempe alt stæsjet på scenen, avdi første konsert var allereide klokka 13, midt i sentrum, på Fisketorget. Ein kjapp lydsjekk før omkledning og alt klart for TURBOKONSERT. Eit historisk augneblink i så måte, avdi me aldri hadde opptrådt utendørs før, og heller aldri for eit publikum bestående av små barn, deira foreldre og flokkar med pensjonistar. Men det gjekk radig unna og me noterte oss høg stemning og applaus frå ein gjeng siddisar som satt og drakk øl på uteserveringa på Dickens.

Guttemusikken

Arrangørane var i perlehumør og likte opplegget. Me fekk gode skussmål etter konserten og adgang til middag og kos på ein nærliggande resturant. Lydsjekk vart det også, i kveldens konsertlokale, SAS-garasjen. Ikkje noko anna enn eit parkeringshus gjort om til rockekjellar. Men det vart god lyd, og bandrommet var strategisk plassert ved svømmebassenget (me fekk sjølvsagt herregarderoben). Bandet fekk også anledning til ein kjapp høneblund ute på Hundvåg, i barndomsheimen til Peter. Her hadde me vore før, vil me hugse, frå den røynde konserthausten 1999. Hyggelig gjensyn meinte karane.

Klokka midnatt var det showtime igjen, med 300 salige gjester frå kveldens festival. M.a. hadde det vært stand-up komikk med hovedsakelig kvinnelige aktørar, og det lot skinne gjennom då publikum inntok SAS-garasjen. Team Turbostipend fekk ein flying start med 'Ju givv løve a bæd neijm...' og stemningen var igang fra første hikst. Me var også ganske kvasse på koreografien, med innøvde dansetrinn og hoftevrikk.

Nattkafe på Humorfestivalen

Etter konserten var me svette og sletne, og då bar det rett i bassenget, iført våre ekslusive badedraktar. Stor moro å plaske rundt og dertter velte seg oppi ein varm yacuzzi. Eit par kvinnelige fans heiv seg også med, og det vart riktig så jovialt oppi plaskedammen. Etterpå var det nachspiel ilag med arrangørane, som var kjempenøgde og som håva inn pilsnerøl på rekke og rad. Ein gedigen suksess for skrangleorkesteret Turbostipend.


Publikum

80talls fest på Månefisken i Oslo!
Laurdag 30 juni var det tid for å heise flagget igjen. Knapt hadde me fått vaska kostymene etter Stavangerturen før me måtte finn fram dei store bæggane, pakke sminkesakane og gå ombord i romskipet 'Vendereis'. Det var no klart for speling i sjølvaste hovedstaden, på eit internt Men in tightsarrangement i regi av ein gjeng glade menneske i krinsen rundt Radio P4 Heile Noreg. Gutta i Team Turbostiupend trudde sjølvsagt at me skulle intervjues i radio og greier, men det fekk halde med opptreden. Me trudde vel også på at no var vårt gjennombrudd nært foreståande, at me skulle på TV og lanserast over heile den vestlege verda.

Lagutaket tok turen over fjellet laurdag morgon, ein kjøretur som tok vel 8 timar på Warp Drive 4 og med kaptein Eidsvik på kommandobroen. Gitarist Venås var allereide i Oslo på sightseeing ilag med Dr. Scient turbonissimo Tone Midtgard. Samstundes var trommeslagar Klasson på synfaring i tigerstaden etter eit nytt sett for slag, eit Yamaha Stage Custom som han kjøpte hjå ein ein person som han hadde møtt på 'internett'. Slik er det når mange spelejobbar fører til god avkastning, og midlane føres attende til bandet i form av produkjsonsmidler.

I anledning ferieavvikling internt i Team Turbostipend (Ein Ridet var på tur til Italia) så måtte me kalle inn den flegmatiske kvinnebedåraren og skranglebassisten Jan Torry Sande. Bassist Sande kunne melde at han var klar for dyst blandt dei fagre gutta i rosa og pastell, og forlangt å bli trudd på at han hadde holdt seg i hevd der ute på Fedje. Torry nytta høvet i Oslo til å vitje venner og kampfeller i dei radikale miljøa i tigerstaden. Han var i følge med sin fantastisk vakre sambuar, Dagrunn, som han har snart tenkt å gjere til ei ærbar kvinne ved ein høgtidlig sermoni 24. august.


Keyboardist Eidsvik byrjar få danseband 'look'.
-Hej på dej, lilla flicka, ska vi dansa ikvell?
Foto: Jonna Bohden
Hva har du under blusen, Ruth?
Kva har du under blusen, Ruth? Ivrige publikummere vil finne ut om Peavy held skotsk kleskodex på scenen.
Foto: Jonna Bohden

Konseptet var 80talls fest, og på kvelden var lokalet fylt opp av dei eine etter dei andre med fantastiske 80talls kostymer. Medlemmar av orkesteret Turbo's måtte bare melde pass når dei såg kreativiteten og arbeidsvilja som hadde låge bak mange av dei kreasjonene som kom gående inn på to bein. Hoppe sa gåsaM.a. var dei ein del av kvinnene (og for nokre kvinner!) som hadde funne fram krepptanga, og gjort underverker med sveisen.

Konserten starta med eit massivt drønn, og etterpå gjekk det rett til værs. Lydmannen hadde skrudd volumkanppen heilt til 11, og det blåste ut ørevoksen til publikum. Bandet måtte konstatere at me ikkje fekk den sedvanlige rushet frå tilskodarane grunna kostymene våre, avdi alle i salen såg meir crazy ut enn oss. Men me fekk fort føling i fjæra. Allereide på 3. låt var det eit kvinnemenneske som gjorde knefall på scenekanten, berusa av heftig synthpop og heilt salig av åtgaum då dei smekre gutta i Turbostipend lot svetten sile og musklane spele. Kvinnen haldt skansen gjennom heile 1. sett, og er vel kan hende det menneske i verda som no innehar mest detaljkunnskap om understellet til samtlege gutta i orkesteret. Arrangørane var dessutan på pletten med eigen pressefotograf som fekk foreviga ein del av den gode stemningen som rådde på fyste rad og rundt ikring festlokalet. Dei bileta kan tas i synfaring her.

Andre sett vart innleda av x-bassist og nåværande konsulent i riksrevisjonen, Jan Roar Beckstrøm. Han tok balletak og tona inn 'Summer of 69' og held bunnsolid komp ilag med resten av rytmeseksjonen. Disponent Beckstrøm var synlig glad for å vere attende i rampeljoset igjen. Andre kjentfolk i salen var ur-groupiane Hanne, Heidi og Toril, som har vore ute ei vinternatt før. Røynde fans hjå Turbostipend vil hugse Hanne og Heidi som faste cheerleaders og stylistar frå dei gylne tidane i 1996. Dei var særs glade for å sjå '...våre gutter!' og førebudde seg på å innta bandrommet for å evt. pælme ut fjortisar og andre uekte groupies. (sjå her for bakgrunnsinfo). Me jobba hardt utover konserten, og det var hett og varmt i konsertsalen. Sommaren hadde gjort sitt inntog i hovudstaden, men bandet har røynsle frå å spele i badstu-liknande lokaler.

Gitaristar og kordamer
Gitarist og feinschmecker Venås dreg feite riff på 'Walk diz way' ilag med perkusjonist og kordame Klasson. Natta er lang og morgonen vil aldri komme.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen
Gitaristar og kordamer
X-bassist og femtekolonist Jan Roar Beckstrøm hausar opp steminiga på 'Summer of '69' med eit kjærkommet comeback i kompet hjå Turbostipend.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen
Me avslutta med 'Den siste nedtelling' og hasta av scenen (nett slik popstjerner har for vane å gjere), men publikum ville ansleis, så det vart til å spele eit sjeldent x-tra nummer hjå dei elleville massane. Etterpå var det tett med folk på bandrommet som gav kollektiv hyllest hjå våre hardt arbeidande kulturbærarar frå vestlandet. Toril & co. var også på pletten og kunne konstatere at alt gjekk ordentlig for seg. Det var og tid til dans og mingling, men no iført meir tidsriktig 'lounge' antrekk - gamle dressar frå 70-talet. Planen var også a halde dressane på plass heile natta, samt i bilturen over fjellet dagen derpå.
Jan Roar gjer eit hurtig comeback
...bad ass bassist Jan Torry Sande er atter tilbake i svarte tights, etter eit kort fravær frå glam og jet set liv. Han tykjer gutane har blitt slappe i fisken, men at han framleis held eit høgt nivå. Her vert han oppvarta av vakre kvinner på første rad.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen
Jan Roar gjer eit hurtig comeback
Gitarist og Baywatch stjerne Venås er klare for nye feite riff på ekstranummer med 'Fight to paaaarty'. Natta er lang og morgonen vil aldri komme.
Foto: Hanne B. Riise-Hanssen

 

Nachspiel vart det også, i heimen hjå ur-groupiane Hanne og Heidi. Og det er alltid stas når gutane i Team Turb ovart invitert på nachspiel av fagre kvinner!! Jentene bur i hovedstaden, og åpnet opp sin fashonable sentrumsleilighet for bandet og deiar venner. Røynde turbofansVertinne Hanne hadde forstua foten , og måtte få stell og surre foten inn i ein pose med frossen pommes frites. Ho var litt pissed, grunna at ho tråkka over medan ho prøvde å ta bilete av gutta i tights. Men me kan sjå på pressedekninga på desse sidane at mange av bileta var blinkskot.


Turboferie
No er det ferie for Theodors Orkester, men 23. august er det på han att, med nye ablegøyer. Me ynskjer gamle og nye turboheads velokommen til eit nytt semester.


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.