Dei Homoerotiske sidene 2007

Historisk Krønike

Den tidlege historia til Turbostipend byrja med ein vill idé hjå to unge Larmonistar hausten 1995. Jan Roar og Petter fann ut at dei skulle opptre på det tradisjonelle julebordet til Musikselskabet Larmonien. Men før dette hadde Petter og Erlend samt ein kar med namn Bjørnar spela ilag i eit konsept kalla 'B' and the Bailers. Det var eit noko Postmodernistisk Ad-Hoc pop orkester utan særlege ambisjonar. Ein namngjeten opptredenen med Beilerne var 16. mai 1993 i stova til ei hakke gal jente som heitte Torunn. Anledninga var den tradisjonsrike Larmonifesten innfør nasjonaldagen. Konserten måtte desverre avbrytast halvvegs avdi politiet kom og stogga gemyttane.

Kven var så desse Beilers for nokre typar? Dei starta som eit reggea-konsept i regi av Bjørnar Stavenes. Han hadde ein visjon om å opptre på Talentstudent, eit av datidens populære tiltak arrangert av ASF (Aktive Studenters Forening) på Hulen. B and the Beilers har opptreden paa Kvamskogen

'B' and the Beilers syt for karaoke og show
på Kvamskogen under ein av dei legendariske hytteturane
attmed Larmonien haust '93. Gitarist Bjørnar
og tangentist Erlend er snart klar for badstu.

Foto: Gro Fjellheim/L.U.U.C


Beilers var eit fire-manns kombo beståande av Bjørnar på gitar, Petter på trommer, Trond på trombone og Erlend på tangentar. Dei øva m.a. på kjøkkenet til Bjørnar. Talentkonkurransen vart avvikla våren 1993, og gutane fekk ein hederleg 4. plass. Seinare same haust hadde Beilers ein noko kaotisk opptreden på Kvamskogen, ei hytte som Larmonien gjerne dreg til ein gong i semesteret. Der var opplegget karaoke, og det var fyste gong Jan Roar fekk vise kva som låg latent i den spinkle og grinebiterske kroppen. Han framsyna 'Vårsøg' under glimrande akkompangement frå Beilers. Etter denne seansen gjekk Beilers sakte men sikkert i oppløysing.

Jau, attende til det røynde julebordet for Musikselskabet Larmonien hausten 1995. Petter og J.R. la hodene i blaut og fann ut at dei skulle agere som eit skikkeleg harry danseband. Konseptet var rytmeboks, bass og keyboards. Jan Roar sprang i hui og hast avgårde og kjøpte seg ein bass, og deretter tilbragte han to veker på rommet for å lære å spele på den.
Jan Roar med bass, bart og kinnskjegg Bjørnar spelar gitar

Ein sjølvsikker Jan Roar Beckstrøm med bart og kinnskjegg opptrer på julebord for larmonien hausten 1995. Den ferske bassisten taklar B-dur og A-moll i 3/4 dels takt med presisjon og grinebiting som vekk åtgaum i forsamlinga.
foto: Live Bruseth

Bjørnar Stavens er uslåeleg når det gjeld standhaftige rockeriff og infernalske hawaii-skjorter. Det er visstnok far Stavenes som syt for fast leveranse av merkevare-skjorter for gutta i bandet.
foto: Live Bruseth

Erlend kunne desverre ikkje vere med p.g.a utenlandsreise, så det såg lenge ut til å bli ein slags duo-opptreden. Konserten skulle vere på Hulen, og stemninga bygga seg opp. I siste sekund kom Bjørnar inn i biletet, uvisst av kviforein grunn. Han var noko skeptisk til enkelte av låtane me hadde valgt, men blei med på eit par øvingar. Dermed var 'Lennart och Gossarna' unnfanga, under ledelse av kvasi-svensken Petter (som visstnok har ein onkel som heitar Lennart);
Perkusjonist og Keyboardist

Keyboardist og trommemaskin-operatør Peter Klasson syng på kvasi-svensk og flørter med to potensielle turbo-snupper på fyste rad. Det er visstnok eit oppete fenalår som Toril Sagen og Anne Jorunn Polden driv og prakkar på 'Lennart'.
foto: Live Bruseth

-Vilken härlig publik ni 'e!

Konserten vart over to timar lang, og det tæra hardt på tolmodigheita til dei vel 30 frammøtte gjestene. Under konserten fekk gutane oppleve mykje av det som kom til å prege deira seinare samarbeid: jenter som storma scenen, allsang under 80-talls schlägere, søl av halvlitarar på monitor og ukvemsord og tillrop frå publikum. Man avslutta med ein homoerotisk tolkning av Seigmen-klassikaren Metropolis. No var det ingen veg attende.

Stadfestinga
Tidleg i januar 1996 vart det kalla saman til møte i Stjernesalen Kafé på Kvarteret. Det var på tide å starte eit skikkeleg band. Denne gong var Petter pådrivar for å skipa til eit studentband som skulle spele på fagfestar o.l. Han ville kalle det Party Tryne og reportoaret skulle bestå av diverse kjente fest-låtar, hovedsakeleg frå 70- og 80-talet. Konseptet var mest fest for pengane. Med på det fyste laguttaket var Bjørnar, Erlend, Jan Roar og ein ny kar som ikkje eingong var Larmonist; Noralf Venaas. Han viste seg å vere ein litt sjenert solo-heavy-gitarist frå Vesnes med like langt hår som Ronnie le Tekrø. Han var ekspert på den type solo-spel som konseptet trengte. Men gutane synst at namnet som Petter kom med var for slappt.

-Det e' for dårlig det her, sa dei.
-Ka faen..? protesterte Petter.
-Det går ikkje, sa dei berre.

Og så, etter litt diskusjon og grinebiting vart Turbostipend framsynt som sterkt alternativ, og det blei vedteke nokså bastant. Nett på denne tida var nemlig begrepet Turbostipend som ein farse å rekne, avdi Lånekassen hadde fremmet dette for å få studentar gjennom studiet på rekordtid, og belønninga var at delar av lånet vart gjort om til stipend. Men etterkvart kom det så mange protestar mot denne elitistiske ordninga, at dei bestemte at alle som fullførte hovedfag (uansett kor lang tid dei brukte) skulle få delar av lånet gjort om til stipend. Men det er ei anna historie. Vi snakkar om bandet Turbostipend her.

No var ingen trygg.

 
Gutane i Turbo er nervøse foran sin debut-konsert.

Gutane i det tidlege Turbostipend er dritnervøse foran sin fyste offisielle spelejobb. Me har drukke litt øl og er klar for lansering. Sitjande fr.v. den unge Jan Roar Beckstrøm, Erlend Eidsvik og Bjørnar Stavenes. Til høgre sitter ein av dei mest trufaste Turbo-groupies; Hanne Benedicte, ei sprek dame som seinare blei kjent under tilnamnet 'Benna' i diverse sammenhenger.
foto: Hilde Fjellheim

  Øvingane fann stad i kjellaren til Bjørnar, på eit lite kott kor det og sto ein ballong med sats og putra. Denne fyste perioden kan ha prega bandmedlemmane sterkt, særleg sida dei vart utsette for helsefarlege gassar i det lille rommet. Sangar som Born to be wild, Jumpin' Jack Flash, Walk this way, I was made for lovin' you, Whole lotta ' love og The one I love var blant dei fyste låtane som Turbo øva inn.
Seint i februar var det på tide med ein liten opptreden under Musikselskabet Larmoniens 30-års jubileum. Då spela man fire schlägarar og fekk testa ut opplegget for eit noko overstadig pynta publikum på Hotel Norge. Og allereide i Mars var fyste offisielle konsert klar: speling på Kavarteret laurdag 28nde. For fem-og-tyve hundrelappar samt ei kasse med øl fekk me anledning til å ta studentane med storm. Fyst var det eit nervøst vorspiel i heimen til Petter kor me fekk på oss sminke og findressen. Det er vanskeleg å seie kva slags image me satsa på i den tidlege fasen. Ein slags homoerotisk velkledd-danseband-opplegg.

Stylist Heidi sørger for at gutane ser spreke og sexy ut

Til den fyste konserten var det naudsynt med egen stylist. Heidi Formo viste seg å vere nett den jenta vi trengte for ein slik jobb. Ho er og ein av dei trufaste Turbo-snuppene som har fulgt bandet dei seinare år.

foto: Hilde Fjellheim

Bjørnar og Jan Roar festar grepet under konsert på Kvarteret

Bjørnar og Jølle held guffen oppe under framsyning av Dancin' in the moonlight, ein kjent Thin Lizzy-schläger.

foto: Hilde Fjellheim


Gutane gjekk på scenen til vanleg tid og det vart etterkvart fullt hus i teglverket denne laurdagskvelden. Sjølv om enkelte av låtane var noko halvhjerta, samt ikkje akkurat hang saman i overgangane, verka det som om publikum kosa seg skikkeleg. Særleg under 'Livin on a prayer' vart det liv, og ga kan hende ein pekepinn på tider som skulle komme. Til bandets store hugnad ville publikum ha ekstra-nummer. Det blei til å spele Bon Jovi ein gong til.
Etter konserten ramla me inn på bandrommet og venta på groupies, og dei kom! Eit par tenårings snupper kjempa seg inn (det var eit særs trongt bandrom) og ville ha autograf. Men akkurat då me hadde opna kvarsi pils og fått vite namnet til desse attraktive jentene som sto der med bare mager, så marsjerte dei larmonske tantene inn og kuppa festen. Her skulle det ikkje vere noko mindreårige tatta: ut med dei. Bandmedlemane kunne berre konstatere at dei fnisande småjentene blei kasta på dør. Istaden fyrte me opp sigarar og lot oss avbilde med honoraret. Natta vart avslutta oppe i leiligheita til Noralf. Der nytta med høvet til å helse på Iver (som og bodde der). Han skulle nemleg spele ei viktig rolle seinare i soga.


Feststemt publikum under Turbostipend sin fyste spelejobb våren 1996

Bjørnar skuer ut over folkehavet og kan konstatere at Livin' on a prayer har potensiale som tidenes party-låt.

foto: Hilde Fjellheim

Hausten 1996 blei innleia med omrokkeringar i mannskapet, samt utskiftningar og etterkvart utlysning av stipend og ledig jobb. Årsaka var at gitarist og vokalist Bjørnar vart ferdig Cand. Jur og flytta brått ut av byen. Visstnok for å iføre seg Kongens Klær på Evjemoen. Gitarist Bjoernar reiser til Oslo Dermed var Turbo ein kvartett utan særleg ambisjonar. Løysninga skulle bli ein kar med namn Per Vidar Staff, eller i kortform: Peavy. Han var for tida vokalist i ein heil haug med ulike rockeband, m.a. Emmerhofff og Bebissene, Phantom Fabric og etterkvart Link. Dette var popband som hørte til det kreative miljøet rundt Atomreaktoren Rockeklubb på Engen. Då Peavy takka ja til jobben som ny vokalist i bandet, blei det til at me og fekk øvingslokaler der attmed dei andre sinte og seriøse rockerane. Petter og Noralf var allereide i krinsen rundt Atomreaktoren i kraft av medlemskap i henholdsvis Phantom Fabric og Warpigs. Verda var ikkje større enn at det viste seg at Bjørnar og Peavy kjente kvarandre frå før, avdi dei begge er frå Kristiansund. Ny vokalist for Kvasi-rockebandet TURBOSTIPEND

Ein anna endring som kom etterkvart var at musikkstilen blei lagt om. Fyst var det vanskeleg å påvise det, men den godaste Peavy hadde mest sans for 80-talls låtane på reportoaret. Etterkvart blei det til at me konsentrerte oss om 80-talet. Den fyste spelejobben hadde me under eit slags bursdagsselskap på Kvarteret. Der opptrodte me i joggedraktar, eller s.k. 'grilldressar', samt delte ut gratis pylse og holdt genrell høg camping-profil.
Nokre nye låtar var det blitt efterkvart: Ruby, You give love a bad name og Animal, ein kjent Def Leppard schläger.

Kort etter hadde me den fyste offisielle spelejobben, og det var book'a av RF, som sjølvsagt tidleg oppdaga kor talentfulle gutane var.
No kjøyrde me camping-konseptet heilt til endes ved å slå opp eit telt på scena, samt nytta reiseradio forutan dei obligatoriske gratis Hot Dog'ene.
Publikum digga opplegget og det vart etterkvart vanleg at det kokte foran scena på slutten av konsertane. Vokalist Peavy var dessutan noko meir bevegelig då han ikkje spela gitar, slik at kontakten med publikum var gnistrande god frå fyste stund. RF sin prisbeloente plakat

Plakaten til RealistForeninga i forkant av 'Nye Turbo' sin offisielle
debut hausten '96. Den var designa for å likne på ein
vegg-plakat som ASF hadde hengt opp to veker tidlegare og
som fekk krass kritikk i m.a. BT for dårleg språkbruk.

Humor: Det var ikkje til å komme ifrå at karane i Turbostipend etterkvart utvikla ein noko intrikat og særdeles intern form for humor. Eit tidleg konsept var oppmodinga til folk flest om å ta sjølvkritikk. Her fanst det ulike grader av sjølvransaking, frå t.d. kraftig ned til mild. Eit anna velutvikla konsept var dei nye teikneseriane som dukka opp. Her kunne ein følje med i kvardagen til desse musikalske frontkjemparar. Perkusjonist Peter Clayson satte strek til desse seriane, men dei hadde ikkje vært noko utan det til tider fargefulle persongalleriet som frekventerte øvingslokalane denne hausten. Heile ni kapittel vart festa på papyrus-rullar innan man ga seg (då leiken var på topp).
Ellers gjekk det i utsagn som:
-Nok ein schläger!
-I was begging for you (Turbostipend!)
-Nei no kosar me oss (knips knips)!
-Sto opp; blei sur.
-Du e' so jævli sur at du får tildelt ein og ein halv Rekdal.
-Herr Redaktør: på vegne av vanvittig mange vil jeg nå slå alarm - ALARM!
-Me har no utsikt til buksevatn og tvangskos.
Seinare skulle man legge mykje hjernekapasitet ned i konseptet med Ytre Sandviken Homo-erotiske Golf Forening, men det var ikkje før Farsfiguren gjorde seg gjeldande i soga.
Eit band med grilldressar og instrument

Konsert på eit bursdags-selskap på Kvarteret i '96: Det 'nye' Turbostipend gjer seg brått gjeldande på den bergenske rockescena. Noralf, Peavy og Jan Roar har akkurat varmet opp med 'The one I love' - kjent R.E.M låt..

foto: Hilde Fjellheim

Perkusjonisten vikarierar som pylse-langar i pausen

Tidleg homoerotisk stemning på bandrommet; Jølle og Noralf testar ut ulike omklednings-ritualer.

foto: Erlend Eidsvik

Seinare på hausten spela med på Åsane Folkehøgskule. Det var eit tiltak som også sprang ut ifrå krinsen rundt Atomreaktoren. Det var no vanleg at me hadde kordamer på enkelte av låtane. I begynnelsen var det Iver Sandøy og Gunnar Emerhoff som steppa inn, av og til flankert av makker Inge Rypdal på 3. kor stemme. Eit band med grilldressar og Hot Dogs

Turbostipend hausten 1996; med grilldress og camping-image
freista desse typane å erobre nostalgiske og ironiske studentar.
80-talet var attende på motefronten. Bak fr. v. kan ein sjå
Peavy, Noralf og Jølle.
Foran sit Petter og Erlend, samt nokre hot dogs og halvlitarar,
ting som er viktig for alle sjølvmedvetne 'Turboheads'.

foto: Hilde Fjellheim


Dette manifesterte seg under ein stor spelejobb for Ex. Phil- studentane då dei feira eksamen i slutten av november. Med kordamer og noko homoerotisk og psykedelisk antrekk kjøyrde me bånn gass frå fyste låt. Mange vil hevde at denne spelejobben markerte eit skille for Turbostipend. Det var siste gong ein hadde eit blanda reportoar og kordamer berre på enkelte låtar. Ved inngangen til 1997 var det snakk om eit reinspikka 80-talls konsept samt to faste kordamer. Det moderne Turbostipend byrja å ta form.

Våren 1997 blei inleda med eit par kjappe spelejobbar på rappet. Det var fyste gong orkesteret hadde ein slags speleplan, og me byrja og nytta ein fast steliste. Kostymane skifta også etterkvart. Me gjekk vekk frå Grill-konseptet og byrja nytte 80-tals klede og evt. anna bad taste me fann på Fretex. Rosa skinnjakkar, Poco Loco dress, singlet og mintgrønne skinslips vart no standard vare. Og me merka oss at det byrja gå rykte på by'n om at Turbo var eit knakande godt band.

I midten av februar var me til dei grader hip og kul at Studvest rykka ut med reportasjebil og vile intervjue oss. Dei fann ut at me ikkje hadde platekontrakt og heller ikkje hadde ambisjonar i den retning. Dei likte og at me kom frå 'obskure vesterlandske steder som Vestnes, Svelgen, Tomrefjord og Hundvåg'. Gutta i bandet får og slått fast at dei tallrike fans av Turbostipend kallast Turboheads og at dei et altformykje pylsa. Reporteren avrundar med å stille kritiske spørsmål om kva me synst om ironien:

-Dersom ironien dør ut blir vi patetiske over natten. Men sjølironien vil aldri dø ut, og det er noe vi har mye av i Turbostipend. Penthouse Playboys er ironiske, men de har ikke like mye selvironi som oss, sier de.


Sterke ord frå dei unge fremadstormande hurragutane i orkesteret. Kort etter dette vart det og opptreden på Hotel Noreg og ny speling på Hulen for Medisinaranes Fagforening. Her opplevde me for fyste gong at publikum ikkje heilt kjøpte konseptet vårt. Mange av dei danna medisinarane vart overbærande skeptisk til desse oppdressa og fanatiske musikarane på scena. Det vart ikkje så mykje liv som vanleg gjennom konserten, bortsett frå x-tra nummer med Livin' on a prayer. Dette var i tida før me hadde Final Countdown som bombesikkert kort i bakhand. Det at det var ein tysdag samt at det var dyre halvlitarar må ta sin del av skulda for at publikum verka tilbakehaldne. Men Turbo dura iveg som dei sattanane dei var.


Turbo spelar opp til dans paa Hulen

Turbostipend våren 1997; i ein kort periode nytta karane badekåper som ein del av sceneshow'et. Kva dei eigentleg meinte med det er uvisst, men det var noko med det latente homoerotiske som dette med slåbrokk konnoterte. Her er det og tydeleg at kordamene er byrja bli eit regulært inslag på scena. Bakerst i gul morgenkåpe er Peavy, fulgt av Gunnar Emmerhoff og Iver Sandøy som var kveldens kordamer. Noralf flankerar lengst til høgre. Foran sit dei faste svinepelsane Jan Roar, Erlend og Petter.
foto: Hilde Fjellheim

Ein vanleg dag på bandrommet:
Me skal her konsentrera oss om ein opptreden under internfesten for Kvartermedarbeidarar på Hulen 2. Februar. Gutta hadde alltid hatt eit godt forhold til gjengen på Studenthuset, og det er ikkje reint få gonger at Petter har grini seg til ein spelejobb med dei. Denne gong vart det tinga til fest kor alle gjestane var utkledd i henhold til eit bestemt tema. Iver agerar som sleazy western 'dude' Resultatet var at publikum var stæsja opp som cowboyer, indianere, gangstere, møbler og støvsugerposer. Ein kar gjekk sogar rundt iført eit dusjkabinett. Det vart hengt opp gule plakatar rundt omkring inne i Hulen med Pære-logoen og kryptisk tekst som:

  • Har du hatt avføring i dag?
  • Sto opp, blei sur
  • Ta deg ein pære
  • Grinebitarar er snille på bunn
  • Vilken härlig publik ni e'!
  • Blei sur, sto opp [Turbostipend]

Turbo var i vinden, dette kunne ein tydeleg sjå av spelegleda som var heilt unik trass i at honoraret knapt rakk til ein pils på Garage etter gig'en. Me spela avdi det var fole fett og levde med eit naivt håp om hylande kvinner og fullsatte bandrom. Men me erfarte jo raskt at det ikkje var tilfelle. Kvinnene glimra med sitt fråvær på bakrommet, sjølv om dei var dristig og deltakandes under konsertane. Me kunne ikkje heilt forstå denne sjenansen; turde dei ikkje vitje oss innerst i løvens hule? Det einaste me kunne trøyste oss med var at bandpilsen ikkje blei drukke opp av fnisande fjortisjenter. Istaden blei bandpilsen drukke opp av støyandes guttar frå utkantnoreg som sa 'jævlig kult band!' mens dei robba kjøleskapet. Livet som rockestjerne er ingen dans på pærer. Men det var alltid ei jente som kom attende til gutane sine: ho snille Live.
Jan Banan i munter passiar med sjefs-groupie Live 'Bonde' Bruseth

Jølle blir konfrontert med ei noko vulgært kledt sjefs-groupie som går under dekknamnet Live Bruseth.
-No blir det ein DEL tralala, melder Beckstrøm.

foto: Petter Klasson

Noralf og Peavy laddar opp med gitarspell

Norlaf og Peavy synst det er triveleg at det kjem slike kjekke jenter på vitjing innerst på bandrommet. Det er ikkje kvardagskost for dette rockebandet.

foto: Klas Petterson

Sklir ut: I mars hadde me fyste opptreden på Garage; speling på Fagfest for Sosiologi.Det var Jølle som fiksa dette i kraft av å lobbe på Festkomitéen i Fagutvalget på Sosiologi. Som eit ledd i marknadsføringa skreiv Jan Roar ein kort historie som Petter illustrerte i ein teikneserie. Denne blei hengt opp over heile SV-fakuletet og var soleis ein noko uvanleg form for reklameverksemd for ein 80-tals konsert. Petter syt også for å invitera ein skokk medievitarar, samt Larmonien. Det vart stort stemning og massesuggesjon. Igjen var opptredenen på ein tysdag og dermed kunne dei Larmonske Turbotrynene gå rett frå øving. Konserten vart jamvel filma av ei anna trufast Turbohead: Hilde Fjellheim. Når me seinare fekk sjå Turbo i visuell utfoldelse på video fatta me raskt kor landskapet låg. Alle i bandet hadde på seg ulik klesdrakt, og særleg vokalist Peavy var heilt ute å kjørte iført badekåpe, dusjhette og ansiktsmaske. Kva i honen var det me prøvde å kommunisere? Kva signal sendte me ut til folk i nærkrinsen? Turbostipend var inne i ein scenografisk identitetskrise.


Meir historie kjem etterkvart som forfattaren får langtidshukommelsen til å fønke.

 


Attende til hovudsidane


Dei Homoerotiske sidane er realisert med heftig innstats frå frender og støttespelarar frå både nær og fjern.
Takk til dei som veit det.